Stilling hos:

Framtidsfylket

Strukturplast/Bano-gruppen søkjer trainee innan produktutvikling

Frist: 1. mars 2018 00:00

Type: Traineeprogram

Arbeidssted: Sandane

Fagfelt: Trainee

Kontakt: Tommy Gustav El Sayed 478 85 388

Strukturplast AS er eit selskap i Banogruppen med totalt 150 tilsette, der 50 har sin arbeidsstad på Sandane. Gruppa omset for 300 millionar kvart år, har solid økonomi og er i sterk vekst. Gruppa vil i 2018 flytte inn i nye kontor og ikkje minst ny fabrikk på Sandane. Banogruppen har kontor i alle nordiske land, i tillegg til fabrikkar både i Noreg og i Sverige.

Som trainee i Strukturplast/Bano-gruppen tilbyr vi deg

  • Spennande oppgåver på avdeling for produktutvikling
  • Tett samarbeid med produktutviklarar i ulike avdelingar
  • Opplæring på utviklingsavdeling og på fabrikk på Sandane
  • Opplæring ved vår avdeling på NTNU Gjøvik
  • Opplæring på fabrikk i Sverige og våre kontorer i Oslo og Bergen
  • Stillinga inngår i Strukturplast/Bano si utviklingsavdeling

Arbeidsstad er på Sandane i Nordfjord, men noko reiseaktivitet må påreknast, deriblant til vår utviklingsavdeling på NTNU Gjøvik og fabrikk i Sverige.

Kvalifikasjonar

  • Ha god teknisk innsikt, like å sjå nye moglegheiter, og tenkje utanfor boksen
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Du må vere strukturert og like å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Du må vise engasjement for jobben, og vere villig til å stå på litt ekstra i hektiske periodar

Som Framtidsfylket-trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Dersom du ikkje oppfyller desse krava oppmodar vi deg likevel til å ta kontakt, då vi også kan vere interesserte i annan teknisk kompetanse - som for eksempel VVS- og byggkompetanse.

Du får

  • Ei stilling i ei internasjonal industrigruppe i vekst, med eit stort potensiale og ein solid økonomi
  • Du får jobbe i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse, i ein region som gir deg mange moglegheiter til å dyrke friluftsinteresser
  • Du får gode utviklingsmoglegheiter og konkurransedyktige vilkår

Tilsetting: August 2018 til August 2019.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med TELSA AS, Tommy Gustav El Sayed. TELSA er rådgjevar for Bano-gruppen ved rekruttering. Mobil: 47885388. E-post: tommy@telsa.no

 

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket.