Stilling hos:

Framtidsfylket

Trainee innan marknad og kommunikasjon

Frist: 1. mars 2018 00:00

Type: Traineeprogram

Arbeidssted: Førde

Fagfelt: Trainee

Kontakt: Edgeir Vårdal Aksnes 99 45 23 50

I framtida vil heimane våre styre og handle energi sjølve. Hus i eit nabolag vil dele på straum frå
eigne tak og styre forbruk i mellom seg - alt kontrollert av deg frå mobiltelefonen. Ikkje berre trur vi på denne framtida. Vi skapar den kvar dag.

Tibber er verdens første heildigitale energiselskap med hovudkontor i Førde. Vi har på under 2
år vakse til 15 tilsette, og har kundar i heile Sverige og Norge. Selskapet har god finansiering,
blant anna gjennom investorer som Petter Stordalen, BKK Invest og svenske Wellstreet.

No skal vi utvide teamet vårt i Førde for å fortsetje veksten. Kjenner du nokon som er klare for et
eventyr? Kanskje det er deg?

Vi søker leikande, eventyrlystne oppdagarar, nerdete spesialistar og deg som kan skape
vanvittig gode opplevingar for kundar.

Om stillinga
Produktet og opplevinga av produktet er to sider av same sak. Dette er vår filosofil. Vi søker deg
som kan skape vanvittig gode opplevingar rundt produktet vårt. Dette vil innebere å bidra til
tydeleg kommunikasjon, sette i live nye idear med å spreie Tibber bodskapet og bryte med alle
tradisjonelle måtar å kommunisere rundt energi og energibruk.

Personlege eigenskapar

  • Du har ei kick-ass haldning
  • Du gir jernet, fordi du digger det du held på med
  • Du seier det du meinar

Vi kan tilby deg

  • Vestlandets mest spennande arbeidsplass
  • Muligheten til å vere med på eit eventyr
  • Lønn slik at du klarar deg - og aksjar/eigarskap i selskapet på same vilkår som investorar har kjøpt seg inn på
  • Ein garanti om å le kvar dag

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur


Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.