Stilling hos:

Framtidsfylket

Enoro søkjer trainee innan fleire spennande fagfelt

Frist: 1. mars 2018 00:00

Type: Traineeprogram

Arbeidssted: Sunnfjord

Fagfelt: Trainee

Kontakt: Leif-Arne Skaar 577 39 970

Enoro AS er ein leiande leverandør av software og tenester for energibransjen i Norge og Norden. Sidan verksemda vart etablert i 1992, har vi bidrege til å gjere energibransjen stadig meir effektiv

Enoro tilbyr innovative og kostnadsoptimale løysingar, tenester og tilleggsmodular innan ein brei verdikjede, som spenner langt utover det ein forstår som tradisjonelle kundeinformasjonssystem (KIS). Programvara ElWin er i dag den mest moderne og fleksible på marknaden.

Enoro AS har i dag over 140 høgkompetente medarbeidarar, som held til i moderne lokale i Dale i Sunnfjord (hovudkontor), Førde, Hamar, Lillehammer og Trondheim. Mange av våre tilsette har bakgrunn frå ulike deler av verdikjeden i energibransjen, og supplert med høg IT-kompetanse har vi ei heilskapleg forståing som kjem kunden til gode.

Enoro AS er sidan juli 2017 eigd av det børsnoterte selskapet Hansen Technologies.@

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

 

Vi ynskjer kompentanse innan eitt eller fleire av områda

  • produktutvikling
  • kundeservice og/eller
  • konsulenttenester

Vi ynskjer utdanning innan fagområda
IT
energi
økonomi

Vi verdset mangfald av erfaring og bakgrunn, og den rette personen kan såleis rekne med eit vidt spekter av arbeidsoppgåver – i Enoro er det mykje opp til eige talent og ambisjonar.

 

Tilsetjing: August 2018

Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord

Heimeside:  www.enoro.no

Kontaktperson: Leif-Arne Skaar – leif-arne.skaar@enoro.com - tlf. 57 73 99 70

 

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.