Stilling hos: BKK NETT AS

BKK AS

Trainee innan elkraft

Frist: 15. mars 2021 00:00

Type: Traineeprogram

Arbeidssted: Sunnfjord, Ytre Sogn

Fagfelt: Heltid

Kontakt: Arne Tefre // arne.tefre@bkk.no // 90594690

Om stillinga

Elektrifiseringa av samfunnet skjer i rekordfart og midt i dette står BKK Nett som ein av dei viktigaste aktørane. For å lykkast i dette arbeidet søker vi no ein trainee innan elkraft til Forvaltingavdelinga i Sunnfjord og Ytre Sogn. Dette vil vere ein av tre traineestillingar i regionen.

Dei siste åra har BKK Nett fusjonert med blant anna Sunnfjord Energi og Kvinnherad Energi. Gjennom ei omorganisering i 2020 har BKK Nett tatt store steg for å vere rusta for framtida. Elektrifiseringa krev store investeringar i nytt nett samtidig som eksisterande nett er modent for utskifting. Ei god forvalting av nettet er kritisk for å sikre ei framleis låg nettleige og stabil drift.

BKK Nett er eit framtidsretta nettselskap med fokus på å bli meir datadrevet. Etter fusjonen har BKK Nett valt å satse vidare på si satsing innan digitalisering med utgangspunkt i kompetansemiljøet i Førde. Som trainee innan Forvalting vil ein få arbeide tett opp mot dette miljøet.

Som trainee i BKK Nett avd. Førde blir du ein del av eit ungt arbeidsmiljø med mange nytilsette dei siste åra. Gjennom ulike aktivitetar og samlingar gjennom året skapar vi ei positiv og god lagånd på jobben. Etter fusjonen har mange tilsette frå Sunnfjord Energi fått utfordrande leiarjobbar i BKK-konsernet, og fleire av desse starta karriera si som trainee i Sunnfjord Energi gjennom Framtidsfylket si traineeordning.

Dersom du kan vere med å bidra til elektrifisering av samfunnet og ta i bruk ny teknologi så er kanskje dette jobben for deg? Ver med og skap framtidas største og beste nettselskap på Vestlandet.

Spørsmål? Ring Arne Tefre for ein hyggeleg prat. Vi gleder oss til å høyre frå deg!

 

Arbeidsoppgåver

Som trainee på Forvalting vil du:

  • Delta i planlegging, kontroll og godkjenning knyttet til drift og vedlikehald av nettanlegg
  • Delta i prioritering av investeringar og reinvesteringar
  • Delta i forbetringsprosjekter på tvers av avdelingar
  • Leie og følgje opp ulike prosjekt
  • Delta i ulike forvaltingsoppgåver knytt til distribusjonsnettet

Kvalifikasjonskrav

Følgande kompetanse er ein fordel, men ikkje krav:

  • Du har bakgrunn innan elkraft (ingeniør/sivilingeniør) og gjerne praktisk erfaring
  • Erfaring innan planlegging og kontroll av nettanlegg
  • Kunnskap innan programmering
  • Erfaring med å strukturere og analysere store datasett frå ulike kjelder

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

  • Du er nysgjerrig og lærevillig, og blir gira av utfordringar
  • Du er ein lagspelar som likar å jobbe på fleire fagfelt og er opptatt av å sjå resultat
  • Du tek initiativ, har stå-på vilje og eit godt humør
  • Du er sjølvstendig, strukturert og analytisk, med gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Oppfølging av eigen mentor
  • Spennande arbeidsoppgåver med stort potensiale for personleg utvikling
  • Gode moglegheiter for kurs og vidareutdanning
  • Høg gøy-faktor på traineesamlingar og på jobben
  • Høve til å søke på faste stillingar i BKK i vår “indre arbeidsmarknad”
  • Eit sosialt miljø med engasjerte medarbeidarar som driv på med ulike aktivitetar og samlingar gjennom året
  • Eige trimrom på arbeidsplassen samt tilgang til bedriftshytter på fjellet og ved sjøen

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur saman med dei andre traineeane i ordninga

Du vil jobbe som trainee hos oss frå august 2021 – august 2022.